Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 1:25-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. I dag har han gått ned og slakta oksar, gjøkalvar og sauer i mengd og bede til seg alle kongssønene, føraren for hæren og presten Abjatar. No et og drikk dei i lag med han og ropar: Leve kong Adonja!

26. Men meg, tenaren din, har han ikkje bede og heller ikkje presten Sadok eller Benaja Jojadason eller Salomo, tenaren din.

27. Kan dette vera kome frå deg, herre konge, utan at du har late tenarane dine få vita kven som skal sitja på kongsstolen etter deg?»

28. Då tok kong David til ords og sa: «Kall Batseba hit til meg!» Ho kom fram for kongen og vart ståande der.

29. Kongen svor og sa: «Så sant Herren lever, han som har fria meg ut or all naud:

30. Det eg før har svore ved Herren, Israels Gud, og lova deg, at Salomo, son din, skal verta konge etter meg og sitja på kongsstolen i min stad, det set eg i verk i denne dag.»

31. Då la Batseba seg på kne for kongen, bøygde seg til jorda og sa: «Gjev herren min, kong David, må leva evig!»

32. Så sa kong David: «Kall presten Sadok, profeten Natan og Benaja Jojadason hit til meg!» Då dei kom fram for kongen,

33. sa han til dei: «Ta med dykk kongsmennene! Lat Salomo, son min, ri på mitt eige muldyr og før han ned til Gihon-kjelda!

34. Der skal presten Sadok og profeten Natan salva han til konge over Israel. Og de skal blåsa i horn og ropa: Leve kong Salomo!

35. Så skal de fylgja han opp att. Og når han kjem hit, skal han setja seg på kongsstolen min og vera konge i min stad; for det er han eg har etla til fyrste over Israel og Juda.»

36. Då tok Benaja Jojadason til ords og sa til kongen: «Ja, så skal det vera! Gjev Herren din Gud må stadfesta det du seier, herre konge!

Les hele kapitlet 1. Kongebok 1