Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 1:21-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Elles kjem skulda til å kvila på meg og Salomo, son min, når du, herre konge, kviler hjå fedrane dine.»

22. Medan ho endå tala med kongen, kom profeten Natan,

23. og dei gjekk til kongen og sa at profeten Natan var der. Så steig han fram for kongen og kasta seg ned for han med andletet mot jorda.

24. «Herre konge,» sa Natan, «har du sagt at Adonja skal vera konge etter deg og sitja på kongsstolen din?

25. I dag har han gått ned og slakta oksar, gjøkalvar og sauer i mengd og bede til seg alle kongssønene, føraren for hæren og presten Abjatar. No et og drikk dei i lag med han og ropar: Leve kong Adonja!

26. Men meg, tenaren din, har han ikkje bede og heller ikkje presten Sadok eller Benaja Jojadason eller Salomo, tenaren din.

27. Kan dette vera kome frå deg, herre konge, utan at du har late tenarane dine få vita kven som skal sitja på kongsstolen etter deg?»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 1