Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 1:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då kong David var gamal og langt oppi åra, greidde han ikkje halda seg varm lenger, jamvel om dei breidde teppe på han.

2. Difor sa mennene hans til han: «Lat dei finna ei ung jente til deg, herre konge, ei møy som kan stå til teneste og stella om deg. Når ho ligg i armane dine, vert du nok varm, herre konge.»

3. Så leita dei i heile Israels-landet etter ei ven jente; og då dei fann Abisjag frå Sjunem, kom dei til kongen med henne.

4. Det var ei ovven jente, og ho stelte om kongen og tente han. Men han låg ikkje med henne.

5. Adonja, son til Haggit, hadde store tankar om seg sjølv og sa: «Eg vil vera konge.» Og så fekk han seg vogner og hestar og femti mann som skulle springa framføre han.

6. Faren hadde aldri tala han til rettes og spurt kvifor han bar seg så eller så åt. Adonja var uvanleg ven. Han var fødd nest etter Absalom.

7. Adonja samrådde seg med Joab Serujason og med presten Abjatar, som fylgde han og hjelpte han.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 1