14. For om de tilgjev menneska misgjerningane deira, så skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk.
15. Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje misgjerningane dykkar.
16. Når de fastar, skal de ikkje gå med dyster mine som hyklarane; dei gjer seg til så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn.
17. Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet,
18. så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg.
19. Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel.
20. Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel.
21. For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.