22. For ingenting er løynt utan at det skal bli synleg, og ingenting er gøymt utan at det skal koma for dagen.
23. Om nokon har øyre å høyra med, så høyr!»
24. Og han sa til dei: «Akta vel på det de høyrer! I det same målet de sjølve måler med, skal det målast opp til dykk, og endå meir skal de få.
25. For den som har, skal få; men den som ikkje har, skal mista jamvel det han har.»
26. Han sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når ein mann har sådd kornet i jorda.