21. Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, den timen kjem då det verken er på dette fjellet eller i Jerusalem de skal tilbe Far.
22. De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane.
23. Men den timen kjem, ja, han er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Far i ånd og sanning. For slike tilbedarar vil Far ha.
24. Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.»