1. Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, sender si helsing til dei tolv stammane som er spreidde omkring i framande land.
2. Hald det berre for ei glede, sysken, når de møter alle slags prøvingar;
3. for de veit at når trua blir prøvd, lærer de tolmod.
4. Men tolmodet må visa seg i fullkomen gjerning, så de kan vera fullkomne og heile, utan nokon mangel.
5. Men om nokon av dykk manglar visdom, skal han be til Gud, som villig og utan å klandra gjev til alle, og han skal få.
6. Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar ei bølgje på havet som blir driven omkring og kasta hit og dit av vinden.
7. Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren,
8. tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.
9. Ein bror som står lågt i rang, skal vera stolt av kor høgt han blir sett,
10. og ein rikmann skal vera stolt av kor lågt han blir sett, for som blomen i graset skal han forgå.
11. Sola stig og brenn, graset visnar, blomen fell av, og all hans prakt er borte. På same måten skal den rike visna midt i alt sitt strev.
12. Sælt er det mennesket som held ut i freistingar. Når det har stått si prøve, skal det få livsens sigerskrans, som Gud har lova dei som elskar han.
13. Ingen som blir freista, må seia: «Det er Gud som freistar meg.» For Gud blir ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen.