1. Paulus og Timoteus, Kristi Jesu tenarar, helsar alle dei heilage i Kristus Jesus som bur i Filippi, med tilsynsmenn og diakonar:
2. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
3. Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk.
4. Og alltid, i alle mine bøner, bed eg for dykk alle med glede.
5. For heilt frå første dagen og fram til no har de hatt del med meg i evangeliet.
6. Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.
7. Med rette tenkjer eg slik om dykk alle, for eg ber dykk i hjartet. Både når eg er i lenkjer, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet, har de alle fellesskap med meg i nåden.