7. Gjer ikkje felles sak med slike!
8. Ein gong var de sjølve mørker, men no – i Herren – er de lys. Så lev som born av lyset!
9. For fruktene av lyset viser seg i alt som er godt, i rettferd og i sanning.
10. Prøv då kva som er til glede for Herren!
11. Ta ikkje del i dei gjerningane som høyrer mørkret til, for dei ber inga frukt; avslør dei heller.
12. Det som slike folk driv med i løynd, er det ei skam berre å nemna.