1. Dette er alt det andre brevet eg skriv til dykk, mine kjære. Med desse breva ville eg vekkja dykkar reine sinn ved å minna dykk om
2. det dei heilage profetane har sagt, og om det bodet dykkar eigne apostlar har frå Herren og Frelsaren.
3. Først og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som følgjer sine eigne lyster, som spottar
4. og seier: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.»