8. Jerusalem har synda grovt,difor er ho urein.Alle som æra henne,foraktar henne,dei har sett henne naken.Ho stønnar og snur seg bort.Tet ט
9. Ureinskapen viste på kappa,ho tenkte ikkje det skulle enda slik.Djupt sokk ho,ingen trøysta henne. Herre, sjå mi naud,fienden triumferer!Jod י
10. Fienden greipetter skattane hennar.Ho såg folkeslagagå inn i heilagdomen,dei du nekta å komainn i di forsamling.Kaf כ
11. Alt folket hennar stønnarmedan dei leitar etter brød.Dei byter skattar mot matfor å berga livet.Sjå, Herre, sjå hit!Eg er forakta.Lamed ל
12. Sjå hit,de som går forbi på vegen.Finst det ei smerte som mi,den som har råka meg?Den lèt Herren meg lidapå sin brennande vreidedag.Mem מ
13. Han sende eld frå det høge,lét han herja i knoklane mine.Han sette ut nett for føteneog lét meg vika tilbake.Han har gjort meg til ei øydemark,heile tida er eg sjuk.Nun נ
14. Med handa knytte han syndene mine i hop,dei vart bundne saman til eit åk.Dei låg over nakken på meg,og kreftene svikta.Herren gav meg i hendenepå folk eg ikkje kunne stå meg imot.Samek ס