3. Mi innsikt hentar eg langt bortanfrå,eg viser at skaparen min har rett.
4. Orda mine er ikkje løgn;du står framfor ein som veit alt.
5. Sjå, Gud er mektig, men avviser ingen;mektig er hans styrke og innsikt.
6. Han held ikkje liv i den urettferdige,men lèt hjelpelause få sin rett.
7. Han tek ikkje auga frå dei rettferdige;med kongar kjem dei på trona,han lèt dei sitja for alltid og opphøgjer dei.
8. Blir dei bundne med lenkjer,fanga i ulukke-snarer,
9. så vil han seia dei kva dei har gjort,at dei synda då dei opphøgde seg.
10. Han opnar øyra deira for å åtvaraog byd dei å venda om frå urett.