Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 1:16-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Vask dykk, gjer dykk reine!Få dei vonde gjerninganebort frå auga mine,hald opp med å gjera vondt,

17. lær å gjera godt!Søk det som er rett,hjelp den undertrykte,ver forsvarar for farlause,før enkjers sak!

18. Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren.Om syndene dykkar er som purpur,skal dei bli kvite som snø,om dei er raude som skarlak,skal dei bli kvite som ull.

19. Dersom de er villige og lydige,skal de få eta det gode i landet.

20. Men er de uvillige og trassige,skal de fortærast av sverd.For Herrens munn har tala.

21. Å, at den trufaste byenskulle bli ei hore!Han var full av rett,rettferd budde der,men no – mordarar!

22. Sølvet ditt har vorte til slagg,vinen din blanda med vatn.

23. Stormennene dine er opprørarar,dei held lag med tjuvar.Alle elskar stikkpengarog jagar etter gåver.Dei forsvarar ikkje den farlauseog fører ikkje enkjers sak.

24. Difor seier Herren,allhærs Herre,Israels Mektige:Ve, eg vil ta igjen med motstandarane mineog hemna meg på fiendane!

25. Eg vil lyfta handa mot deg,reinsa ut slagget ditt med lutog skilja ut alt bly.

26. Eg vil igjen gje deg dommararsom i gamle dagarog rådgjevararsom i den første tida.Sidan skal du kallastDen rettferdige og trufaste byen.

27. Ved rett skal Sion løysast ut,ved rettferd dei som vender om.

28. Men svikarar og syndarar skal knusast,dei som forlèt Herren, skal gå til grunne.

Les hele kapitlet Jesaja 1