31. I det trettisjuande året etter at Juda-kongen Jojakin var bortført, den tjuesjuande dagen i den tolvte månaden i det året han sjølv vart konge, tok Babel-kongen Evil-Merodak Juda-kongen Jojakin til nåde og henta han ut or fengselet.
32. Han snakka venleg med han og gav han den fremste plassen mellom dei andre kongane som var hos han i Babel.
33. Jojakin fekk leggja av fangedrakta, og han åt alltid ved kongens bord så lenge han levde.
34. Sitt daglege brød fekk han av Babel-kongen, dag for dag så lenge han levde, til sin døyande dag.