1. Dette viste Herren Gud meg:Sjå, han skapte grashopperdå graset tok til å veksa etter slåtten.Sjå, det var etterveksten etter kongens slåttonn.
2. Då dei hadde ete opp alt graset i landet,sa eg: «Tilgjev, Herre Gud!Korleis kan Jakob stå seg,så liten som han er?»
3. Då angra Herren på dette.«Det skal ikkje skje», sa Herren.
4. Dette viste Herren Gud meg:Sjå, Herren Gud kalla elden til strid.Han slukte det store djupetog heldt på å eta opp åkrane.
5. Då sa eg: «Hald opp, Herre Gud!Korleis kan Jakob stå seg,så liten som han er?»
6. Då angra Herren på dette.«Heller ikkje det skal skje», sa Herren Gud.
7. Dette viste han meg:Sjå, Herren stod på ein loddrett mur,i handa hadde han eit blylodd.
8. Herren sa til meg:«Kva ser du, Amos?»Eg svara: «Eit blylodd.»Då sa Herren: «Sjå, eg senkar loddetmidt i Israel, folket mitt.Eg vil ikkje lenger ha tol med det.
9. Isaks offerhaugar skal øydastog Israels heilagdomar siga i røys.Eg vil reisa meg med sverd mot Jeroboams hus.»
10. Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel: Amos har fått i stand ei samansverjing mot deg midt i Israels hus. Landet kan ikkje tola alle orda hans.
11. For Amos seier:«Jeroboam skal døy for sverd,og Israel skal drivast i eksil,bort frå landet sitt.»