45. Huset skal rivast, både steinane, treverket og all murpussen, og førast ut or byen til ein urein stad.
46. Den som går inn i huset så lenge det er stengt, han er urein heilt til kvelds.
47. Den som legg seg ned i huset, skal vaska kleda sine, og den som et i huset, skal vaska kleda sine.
48. Men om presten kjem og undersøkjer huset og soppåtaket ikkje har breidd seg i huset etter at det vart pussa, då skal presten slå fast at huset er reint. For soppsjukdomen er lækt.