24. Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du flyktar frå rom til rom for å gøyma deg.»
25. Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til bykommandanten Amon og kongssonen Joasj
26. og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel! Lat han berre få små rasjonar med brød og vatn til eg kjem uskadd heim att.»
27. Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folk!»
28. Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead.
29. Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg dei vanlege kleda dine.» Så kledde Israels-kongen seg ut, og dei drog ut i krigen.
30. Aramearkongen hadde gjeve dette bodet til kommandantane for stridsvognene sine: «De skal ikkje kjempa mot høg eller låg, men berre mot Israels-kongen.»
31. Då vognkommandantane fekk auge på Josjafat, sa dei: «Det må vera Israels-kongen.» Så omringa dei han og gjekk til åtak. Då sette Josjafat i å ropa høgt, og Herren hjelpte han. Gud lokka dei bort frå han.
32. Då vognkommandantane såg at det ikkje var Israels-kongen, vende dei seg frå han.
33. Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjeplatene. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg vekk frå slaget! Eg er såra.»