28. Pekah gjorde det som vondt var i Herrens auge, og heldt ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera.
29. På den tid Pekah var konge i Israel, kom Tiglat-Pileser, kongen av Assur, og tok Ijjon, Abel-Bet-Maaka, Janoah, Kedesj, Hasor, Gilead og Galilea, heile Naftali-landet. Og han førte folket bort til Assur.
30. Då fekk Hosea, son til Ela, i stand ei samansverjing mot Pekah, son til Remalja. Hosea slo han i hel og vart konge i hans stad. Dette var i det tjuande året etter at Jotam, son til Ussia, vart konge.
31. Det som elles er å seia om Pekah og alt han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
32. I det andre året Pekah, son til Remalja, var konge i Israel, vart Jotam, son til Ussia, konge i Juda.
33. Han var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Mor hans heitte Jerusja og var dotter til Sadok.
34. Jotam gjorde det som rett var i Herrens auge, i eitt og alt som Ussia, far hans, hadde gjort.
35. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å ofra og tenna offereld på haugane. Det var Jotam som bygde Øvreporten i Herrens hus.
36. Det som elles er å seia om Jotam og alt han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
37. På den tid byrja Herren å la aramearkongen Resin og Pekah, son til Remalja, gå mot Juda.
38. Så gjekk Jotam til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i Davidsbyen. Ahas, son hans, vart konge etter han.