16. I det fjerde slektsleddet skal dei koma tilbake hit. For syndeskulda til amorittane har enno ikkje fylt sitt mål.»
17. Sola gjekk ned, og det vart mørkt. Og sjå, ein rykande omn kom til syne, og ein flammande fakkel fór mellom kjøtstykka.
18. Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sa: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarelva heilt til Storelva, Eufrat,
19. landet til kenittane, kenisittane og kadmonittane,
20. hetittane, perisittane og refaittane,
21. amorittane, kanaanearane, girgasjittane og jebusittane.»