1. Dette er ei liste over leiarane for familiane til israelittane, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og tilsynsmennene som tente kongen i alt det som hadde med hæravdelingane å gjera. Dei avløyste kvarandre månad for månad gjennom heile året. Kvar avdeling var på 24 000 mann.
2. Jasjobam, son til Sabdiel, hadde ansvaret for den første avdelinga, som gjorde teneste i den første månaden. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
3. Han var ein etterkomar av Peres og var overhovud for alle dei hærførarane som gjorde teneste i den første månaden.
4. Dodai frå Ahoah hadde ansvaret for avdelinga som gjorde teneste i den andre månaden, og Miklot var ein av førarane. Avdelinga hans var på 24 000 mann.