41. to søyler; to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to slyngornament til å dekkja dei to skålene;
42. dei fire hundre granatepla til dei to slyngornamenta – to rader med granateple til kvart ornament, til å dekkja dei to skålene på søylehovuda øvst på søylene;
43. dei ti vognstativa og dei ti fata til kvart av dei;
44. havet – det var berre eitt – og dei tolv oksane under det;
45. grytene, eldskuffene og offerskålene. Alt dette utstyret som Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av skinande bronse.
46. Det var på Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den faste leirjorda mellom Sukkot og Saretan.
47. Salomo sette på plass alt utstyret, som var i slike mengder at det ikkje lét seg seia kor mykje bronsen vog.
48. Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Herrens hus: gullaltaret og gullbordet som skodebrøda skulle liggja på;
49. lysestakane, fem til høgre og fem til venstre framfor Det høgheilage, av reint gull, blomeornamenta, lampene og tengene av gull;