1. Då Jesus hadde sagt dette, tok han ut frå Galilea og fór til Judea-landet austanfor Jordan.
2. Mykje folk fylgde han, og han lækte dei der.
3. Nokre farisearar ville setja han på prøve og kom til han og spurde: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si av kva grunn som helst?»
4. Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne
5. og sa: Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt?
6. Så er dei ikkje lenger to; dei er eitt. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.»
7. Dei spurde han: «Kvifor har då Moses sagt at mannen skal gje kona skilsmålsbrev og senda henne frå seg?»
8. Jesus svara: «Fordi hjarto dykkar er så harde, gav Moses dykk lov til å skiljast frå konene dykkar. Men frå opphavet var det ikkje så.
9. Og det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor, og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.»