1. Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberias-sjøen, og gjekk såleis til:
2. Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var i lag der.
3. Simon Peter seier til dei andre: «Eg vil av og fiska.» «Vi går med, vi òg,» sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten; men den natta fekk dei ikkje noko.
4. Då det tok til å dagast, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han.
5. Jesus sa til dei: «De har vel ikkje noko fisk, born?» «Nei,» svara dei.