13. De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk.
14. Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, vi som elskar brørne. Den som ikkje elskar, er enno i døden.
15. Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg.
16. Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne.
17. Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjarta sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?
18. Mine born, lat oss elska, ikkje med tome ord, men i gjerning og sanning!
19. På dette skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa hjarto våre for hans åsyn.