1. Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2. Om ein prøver å tala til deg, ¬vert du motlaus.Men kven kan teia til slikt?
3. Sjølv har du rettleitt mange,kraftlause hender ¬har du styrkt.
4. Dine ord reiste opp ¬den som snåva,du gav kraft til skjelvande kne.
5. Men no, når det gjeld deg sjølv, ¬er du motlaus,når det råkar deg, er du redd.
6. Set du ikkje lit til di gudsfryktog von til di ærlege ferd?
7. Tenk etter!Når miste ein skuldlaus livet,kvar gjekk rettvise folk ¬til grunne?
8. Dei som pløyer ned vondskap ¬og sår ulukke,haustar det same, ¬etter det eg har sett.