22. Har du vore ¬der snøen kjem ifrå,har du sett staden ¬der haglet ligg?
23. Eg har spart dei til trengselstida,til det kjem ein dag ¬med kamp og krig.
24. Korleis kjem ein dit ¬der ljoset deler seg,og der austavinden ¬breier seg over jorda?
25. Kven laga renner ¬for det fløymande vatnet,og kven brøytte veg ¬for tore og lyn,
26. så det regnde ¬over folketomt land,over øydemark der ingen bur,
27. så det aude landet ¬fekk rikeleg med vatn,og graset grodde or grunnen?
28. Har regnet ein far?Og kven har avla doggdropane?
29. Kva morsliv kjem vel isen frå,kven har født rimet ¬som fell frå himmelen,
30. når vatnet frys og vert som steinog flata ¬på havdjupet ligg under is?