1. Eg har gjort ein avtale ¬med augo mineat eg ikkje skal sjå på ei møy.
2. Kva lut fekk eg elles ¬av Gud i himmelen,kva arv frå Den Allmektige ¬i det høge?
3. Ulukke kjem over den ¬som gjer urett,og vanlagnad over den ¬som gjer vondt.
4. Ser ikkje Gud korleis eg ferdast,tel han ikkje alle mine steg?
5. Skulle eg ha fare med svikog vore snar på foten ¬til å lura folk?
6. Lat Gud berre vega meg ¬på rettferds vekt,så skal han skjøna ¬at eg er heil i mi ferd.
7. Har eg bøygt av frå vegenog med augo fylgt det ¬som hugar mitt hjarta,finst det flekker ¬på mine hender,
8. då kan ein annan få eta ¬det eg har sått,og grøda kan rivast opp ¬med rot.
9. Har eg late meg dåra ¬av kvinner,har eg stått på lur ¬ved døra åt min neste,
10. då skal kona mi ¬mala korn for ein annanog andre få bøya seg ¬ned over henne!
11. For det ville vera skamlaus ferd,ei misgjerning ¬som fører til straff,
12. ja, ein eld som tærer ¬radt til avgrunnen;han skulle øyda all mi avling.
13. Krenkte eg retten ¬når eg hadde sakmed min træl ¬eller mi trælkvinne,