22. Så seier Herren:Det kjem eit folk ¬frå landet i nord,eit mektig folk tek utfrå utkanten av jorda.
23. Spyd og boge har dei i handa,harde er dei og sparer ingen.Larmen av dei ¬lyder som havdur,på hestar kjem dei ridande.Budde som stridsmennfer dei mot deg, Sions dotter.
24. Då vi høyrde ryktet om dei,vart våre hender kraftlause.Vi vart gripne av angstog skalv ¬som ei fødande kvinne.
25. Gå ikkje ut på markaog ferdast ikkje på vegen!For fienden har sverd,rundt ikring rår redsle.
26. Bind syrgjeplagg om deg, ¬mitt folk,og velt deg i støvet!Hald syrgjehøgtid ¬med bitter klagesom når einaste barnet døyr.For brått kjem herjaren ¬over dykk.
27. Eg har sett deg ¬til å prøva folket mittlik ein som prøver gull;du skal kjenna ¬og prøva deira ferd.
28. Trassige opprørarar er dei alle,dei går rundt og baktalar folk;dei er som bronse og jernog ber seg vondt åt, alle saman.
29. Belgen blæs,men blyet er urørt av elden.Det nyttar ikkje å smelta,dei vonde vert ikkje utskilde.
30. Vraka sølv skal dei kallast,for Herren har vraka dei.