1. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren då kong Sidkia sende til han Pasjkur, son til Malkia, og presten Sefanja, son til Ma’aseja. Dei sa:
2. «Spør Herren til råds for oss! For Nebukadnesar, kongen i Babylonia, strider imot oss. Kanskje Herren vil gjera eit under, som han så ofte har gjort, så fienden fer sin veg.»
3. Jeremia svara dei: De skal seia til Sidkia:
4. Så seier Herren, Israels Gud: Når de strider utanfor muren mot babylonarkongen og kaldearane som kringset dykk, driv eg dykk attende, og dei krigsvåpna de brukar, samlar eg midt i denne byen.
5. Sjølv vil eg strida mot dykk med utrett hand og sterk arm, i vreide, harme og stor uvilje.