6. Når dei kjem ¬med sitt småfe og storfe,og søkjer Herren,finn dei han ikkje;han har vendt seg bort frå dei.
7. Dei har vore trulause ¬mot Herren,for dei har fått uekte born.No skal nymånen gjera endebåde på dei og jorda deira.
8. Lat hornet gjalla i Gibea,blås i trompet i Rama,lyft hærrop, Bet-Aven!Dei er etter deg, Benjamin!
9. Efraim skal verta ei øydemarkden dagen straffa kjem. Mellom Israels ætter ¬har eg kunngjortdet som visseleg skal henda.
10. Juda-hovdingane har vortelik folk som flytter ¬merkesteinar.Over dei vil eg ausa utmin harme liksom vatn.
11. Efraim er trælka,retten er trakka under fot;for folket gav seg til å fylgjadet som ingenting er.
12. Eg er som verkjesår for Efraim,som ròtenskap for Juda-ætta.
13. Då Efraim såg sjukdomen sin,og Juda merka såret sitt,gjekk Efraim til Assurog sende bod til storkongen.Men han kan ikkje ¬gjera dykk friskeog ikkje lækja dykkar sår.
14. Sanneleg, eg er som ei løve ¬mot Efraim,som ei ungløve mot Juda-ætta.Ja, eg riv sund og går min veg,eg slepar bort, og ingen bergar.
15. Eg går min vegattende til min stadtil dess dei vedkjennest ¬si skuldog søkjer mitt åsyn.I si naud skal dei leita ¬etter meg.