10. difor går eg mot ¬både deg og Nilenog gjer Egypt til audn ¬og øydemark,uhyggjeleg aud ¬frå Migdol til Syene,ja, til grensa mot Nubia.
11. Der skal ikkje eit menneske ¬setja sin fot,ikkje eit dyr skal fara ikring;landet skal liggja ubygt ¬i førti år.
12. Eg gjer Egypt til ei øydemarkmellom land ¬som er aude og tome,og byane der ¬skal liggja uhyggjeleg audemellom andre ruinbyar ¬i førti år.Eg spreier egyptarane ¬mellom folkaog strøyer dei ¬kringom i landa.
13. Men så seier Herren Gud:Når førti år er lidne,vil eg samla egyptaranefrå folka ¬dei er spreidde imellom.
14. Eg vender lagnaden ¬for egyptaraneog fører dei attende til Patros,det landet dei kom ifrå,og der skal dei vera eit lite rike.
15. Det skal vera mindre ¬enn andre rikeog skal ikkje lenger lyfta segover dei andre folka.Eg lèt dei verta så få i taletat dei ikkje kan rå ¬over folkeslag.