9. Isaks offerhaugar skal øydast,og Israels heilagdomar ¬siga i røys.Eg vil reisa meg med sverd ¬mot Jeroboams hus.»
10. Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel, med desse orda: «Amos har fått til ei samansverjing mot deg midt i Israel. Landet kan ikkje lenger halda ut alle dei orda han talar.
11. For Amos har sagt:Jeroboam skal døy for sverd,og israelittane skal førast bortsom fangar frå sitt land.»
12. Sidan sa Amasja til Amos: «Gå din veg, du sjåar, kom deg av stad til Juda! Der kan du ha ditt levebrød, der kan du vera profet.
13. I Betel får du ikkje lenger tala profetord; for det er ein kongeleg heilagdom, ja, eit rikstempel.»
14. Då tok Amos til ords og sa til Amasja: Ikkje er eg profet ¬og ikkje profetsvein.Eg er gjætar ¬og dyrkar morbærfiken.
15. Men Herren tok meg bort ¬frå saueflokken,og Herren sa til meg:«Gå og ver profet for Israel, ¬mitt folk!»
16. Så høyr no Herrens ord:Du seier: «Tal ikkje profetord ¬mot Israel,og preik ikkje mot Isaks ætt!»
17. Difor seier Herren:Kona di skal driva utukt i byen,dine søner og døtrer ¬skal falla for sverd,di jord skal mælast ut til andre,du sjølv skal døy ¬på urein grunn,og Israel skal førast bort ¬frå sitt land.