55. og dei fekk Hebron i Juda med beitemarkene rundt ikring.
56. Men åkerlandet og landsbyane som høyrde byen til, fekk Kaleb, son til Jefunne.
57. Såleis fekk Arons-sønene fristadene Hebron og Libna med beitemarker, Jattir og Esjtemoa med beitemarker,
58. Hilen og Debir med beitemarker,
59. Asjan og Bet-Sjemesj med beitemarker,
60. og frå Benjamins-ætta Geba, Alemet og Anatot med beitemarker. Det var i alt tretten byar, og kvar ætt fekk sin by.
61. Dei andre Kehat-sønene, ætt for ætt, fekk ved loddkasting ti byar frå Efraims-ætta, Dans-ætta og halve Manasse-ætta.
62. Gersjom-sønene, ætt for ætt, fekk tretten byar frå Jissakars-ætta, Asjers-ætta, Naftali-ætta og Manasse-ætta i Basan.
63. Merari-sønene, ætt for ætt, fekk ved loddkasting tolv byar frå Rubens-ætta, Gads-ætta og Sebulons-ætta.
64. Desse byane og beitemarkene som høyrde til, gav israelittane levittane.
65. Dei kasta lodd om desse byane i Juda, Simeon og Benjamin, som dei nemnde med namn, og gav dei til levittane.
66. Dei andre Kehat-ættene fekk desse byane av Efraims-ætta:
67. fristadene Sikem i Efraims-fjella med beitemarker og Geser med beitemarker,