Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Titus 3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Gjenføding og fornying

1. Minn dei om at dei skal underordna seg styresmaktene, retta seg etter dei og vera villige til å gjera alt som er godt.

2. Dei må ikkje tala stygt om andre eller skapa strid, men vera milde og tolsame mot alle menneske.

3. For vi var òg ein gong uvituge og ulydige, vi fór vill og var slavar under mange slag lyster og ønske. Vi levde i vondskap og misunning, vi vart hata, og vi hata kvarandre.

4. Men det vart openberrakor god vår Gud og frelsar er,og kor han elskar menneska:

5. Han frelste oss,ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar,men fordi han er miskunnsam.Han frelste ossved badet som gjenføderog fornyar ved Den heilage ande,

6. som han så rikeleg har aust ut over ossved Jesus Kristus, vår frelsar,

7. så vi skulle bli rettferdige ved hans nådeog bli arvingar til det evige livet, som er vår von.

8. Dette er eit truverdig ord, og eg vil at du skal prenta inn det eg har sagt, så dei som er komne til tru på Gud, skal vera opptekne av å gjera gode gjerningar. Alt dette er godt og nyttig for menneska.

9. Men tåpelege stridsspørsmål, ættetavler og strid og krangel om spørsmål i lova skal du snu ryggen til; slikt er unyttig og meiningslaust.

10. Ein vranglærar skal du tala til rette både ein gong og to gonger, og så visa han frå deg.

11. For du veit at eit slikt menneske er på avvegar. Han syndar og har dømt seg sjølv.

Sluttord

12. Når eg sender Artemas eller Tykikos til deg, må du skunda deg og koma til meg i Nikopolis. Der har eg tenkt å vera vinteren over.

13. Sjå til at Zenas, den lovlærde, og Apollos blir utrusta til reisa, så dei ikkje manglar noko.

14. Også våre folk må læra å gjera gode gjerningar og hjelpa når det trengst, så livet deira ikkje skal vera utan frukt.

15. Alle som er hos meg, helsar deg. Hels alle som i trua elskar oss. Nåden vere med dykk alle!