Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 5:5-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.

6. Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus for ugudelege då tida var inne.

7. Knapt nok vil nokon gå i døden for ein rettferdig mann – endå det kan vel henda at nokon vågar livet for ein som er god.

8. Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.

9. Når vi no har vorte rettferdiggjorde ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han bli frelste frå vreiden!

10. Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då hans Son døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då bli frelste ved hans liv!

11. Ja, ikkje berre det, men vi er glade og stolte i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

12. Difor, liksom synda kom inn i verda ved eitt menneske, og døden saman med synda, slik nådde døden alle menneske fordi dei alle synda.

13. Også før lova var det synd i verda. Og endå synda ikkje blir rekna som synd der det ikkje er noka lov,

14. rådde likevel døden frå Adam til Moses, også over dei som ikkje hadde gjort noko lovbrot slik som Adam. Adam står her som eit bilete på han som skulle koma.

15. Men det er annleis med nåden enn med fallet. På grunn av fallet til den eine måtte dei mange døy, men Guds nådegåve er så uendeleg mykje større: Ho blir gjeven i rikt mål til dei mange på grunn av nåden frå det eine mennesket Jesus Kristus.

Les hele kapitlet Romarane 5