Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 22:21-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. «Keisaren», svara dei. Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.»

22. Då dei høyrde det, undra dei seg, og dei lét han vera og gjekk sin veg.

23. Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet:

24. «Meister, Moses har sagt: ‘Om ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta til bror sin.’

25. No var det ein gong sju brør hos oss. Den eine gifte seg, men døydde ei tid etter; han hadde ikkje born og lét etter seg kona si til broren.

26. Det same hende med den andre og den tredje, ja, med alle sju.

27. Sist av alle døydde kvinna.

28. Når dei så står opp att, kven av dei sju skal då ha henne til kone? Alle har då vore gifte med henne.»

29. Jesus svara: «De er på ville vegar fordi de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt.

30. For etter oppstoda er det ingen som gifter seg eller blir bortgifte; nei, dei er som englane i himmelen.

31. Men om oppstoda frå dei døde, har de ikkje lese kva Gud har tala til dykk når han seier:

32. ‘Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud!’ Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande.»

Les hele kapitlet Matteus 22