Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Jesus mettar fire tusen

1. Ein annan gong på den tida var mykje folk samla, og dei hadde ikkje noko å eta. Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa:

2. «Eg synest inderleg synd på folket. No har dei alt vore hos meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta.

3. Lèt eg dei fara svoltne heim, blir dei reint utmatta på vegen; for somme av dei har kome langt bortanfrå.»

4. «Kvar kan ein få tak i brød til å metta alle desse her i øydemarka?» svara læresveinane.

5. «Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju», svara dei.

6. Då bad han folket setja seg på marka. Så tok han dei sju brøda, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane så dei skulle dela dei ut, og dei delte ut til folket.

7. Nokre få småfiskar hadde dei òg. Jesus velsigna dei og sa at dei òg skulle delast ut.

8. Dei åt og vart mette. Etterpå samla dei opp brødstykka som var til overs, sju store korger.

9. Det var omkring fire tusen menneske der. Og han lét dei dra heim.

10. Straks etter gjekk han i båten med læresveinane og kom til bygdene ved Dalmanuta.

Krav om teikn

11. No kom farisearane og gav seg i ordskifte med Jesus. Dei ville setja han på prøve og bad om eit teikn frå himmelen.

12. Då sukka han djupt og sa: «Kvifor krev denne slekta eit teikn? Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal aldri få noko teikn.»

13. Dermed gjekk han frå dei, steig i båten og drog over til andre sida.

Den farlege surdeigen

14. Men læresveinane hadde gløymt å ta med brød. Dei hadde berre eit einaste brød med seg i båten.

15. Då gav Jesus seg til å åtvara dei og sa: «Pass dykk og hald dykk unna surdeigen til farisearane og surdeigen til Herodes!»

16. Men dei snakka seg imellom om at dei ikkje hadde brød.

17. Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor snakkar de om at de ikkje har brød? Ser de enno ingenting? Skjønar de ikkje? Har de så harde hjarte?

18. De har auge – ser de ikkje? De har øyre – høyrer de ikkje?Hugsar de ikkje

19. den gongen eg braut dei fem brøda til dei fem tusen? Kor mange korger fulle av brødstykke samla de opp då?» «Tolv», svara dei.

20. «Og då eg braut dei sju brøda til dei fire tusen, kor mange korger med brødstykke samla de opp då?» «Sju», svara dei.

21. «Skjønar de enno ingen ting?» sa han.

Den blinde mannen i Betsaida

22. Så kom dei til Betsaida. Der førte dei ein blind mann til Jesus og bad han røra ved han.

23. Jesus tok den blinde i handa og leidde han ut av landsbyen. Så spytta han på auga hans, la hendene på han og spurde: «Ser du noko?»

24. Mannen såg opp og sa: «Eg ser menneske. For eg skimtar noko som liknar tre, som går omkring.»

25. Så la Jesus på nytt hendene over auga hans. Då braut synet hans fram. Han vart god att og kunne sjå alt klårt.

26. Og Jesus sende han heim. «Men gå ikkje inn i landsbyen {{og sei det ikkje til nokon der}}!» sa han.

Peters vedkjenning

27. Sidan fór Jesus og læresveinane hans bort til landsbyane ved Cæsarea Filippi. På vegen spurde han læresveinane: «Kven seier folk at eg er?»

28. Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre ein av profetane.»

29. «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Messias.»

30. Men han forbaud dei strengt å snakka om han til nokon.

Jesus talar om at han skal døy og stå opp att

31. Då tok Jesus til å læra dei: «Menneskesonen må lida mykje og bli vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal bli slegen i hel, og tre dagar etter skal han stå opp att.»

32. Dette tala han ope om. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette.

33. Men Jesus snudde seg, såg på læresveinane og sa strengt til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneske vil.»

Å følgja Jesus

34. Sidan kalla han til seg folket og læresveinane sine og sa til dei: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og følgja meg.

35. For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld og for evangeliet, skal berga det.

36. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel?

37. Og kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?

38. For den som skjemmest ved meg og orda mine i denne utrue og syndige slekta, skal òg Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i sin Fars herlegdom saman med dei heilage englane.»