Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 24:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand.

2. Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava.

3. Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp.

4. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede.

5. Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde?

6. Han er ikkje her, han er stått opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea:

7. ‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’»

8. Då kom dei i hug orda hans.

9. Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre.

10. Det var Maria Magdalena, Johanna og Maria, mor til Jakob, som saman med dei andre kvinnene fortalde dette til apostlane.

11. Men dei tenkte det var laust snakk, og trudde dei ikkje.

12. Peter reiste seg likevel og sprang til grava, og då han bøygde seg inn, såg han ikkje anna enn linkleda. Så gjekk han tilbake til huset der han budde, og undra seg over det som hadde hendt.

13. Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadiar frå Jerusalem,

Les hele kapitlet Lukas 24