Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Den fattige enkja som gav

1. Jesus såg opp og fekk sjå at dei rike la gåvene sine i tempelkista.

2. Han la òg merke til ei fattig enkje som gav to små koparmyntar.

3. Og han sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre.

4. For alle dei andre la gåver i kista av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho hadde å leva av.»

Jesus talar om tidene som skal koma

Tempelet skal øydeleggjast

5. Det var nokre som snakka om tempelet, kor fint det var utsmykka med vakre steinar og tempelgåver. Då sa Jesus:

6. «Det kjem ein dag då alt de ser her, skal rivast ned; det skal ikkje liggja att stein på stein.»

Trengselstida tek til

7. Då spurde dei: «Meister, når skal dette henda, og kva er teiknet på at den tida er nær?»

8. Han svara:«Ta dykk i vare så ingen fører dykk vill! For mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Det er eg! Tida er nær!’ Følg dei ikkje!

9. Og når de høyrer om krig og opprør, så lat dykk ikkje skremma! For først må dette henda, men enden kjem ikkje med ein gong.»

10. Og han heldt fram: «Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike.

11. Det skal koma store jordskjelv, og hungersnaud og pest på stad etter stad. Det skal henda redselsfulle ting og syna seg store teikn frå himmelen.

12. Men før alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfølgja dykk, gje dykk over til synagogane og kasta dykk i fengsel, og for mitt namn skuld skal de førast fram for kongar og landshovdingar.

13. Då skal de få vitna for dei.

14. Legg dykk på hjartet at de ikkje treng tenkja ut på førehand korleis de skal forsvara dykk.

15. For eg skal leggja orda i munnen på dykk og gje dykk visdom som ingen av motstandarane dykkar skal kunna stå seg imot eller seia imot.

16. Jamvel foreldre og sysken, slektningar og vener skal svika dykk og senda nokre av dykk i døden.

17. Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld.

18. Men ikkje eit hårstrå på hovudet skal de mista.

19. Hald ut, så skal de vinna livet!

Jerusalem skal øydeleggjast

20. Når de ser Jerusalem kringsett av hærar, då skal de vita at byen snart blir øydelagd.

21. Då må dei som er i Judea, rømma til fjells, dei som er i byen, må koma seg ut, og dei som er ute på landet, må ikkje gå inn i byen.

22. For dette er straffedomens tid, då alt som står skrive, skal gå i oppfylling.

23. Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! For det skal bli stor naud i landet, og vreide skal ramma dette folket.

24. Dei skal falla for sverd og førast bort som fangar til alle folkeslag. Og andre folk skal trakka Jerusalem under fot heilt til tida for heidningane er ute.

Når Menneskesonen kjem

25. Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka bli gripne av redsle og rådløyse i larmen frå hav og brotsjøar.

26. Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrommet skal bli rokka.

27. Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom.

28. Men når dette tek til å henda, skal de retta dykk opp og lyfta hovudet! For då skal de snart setjast fri.»

Lær av fikentreet

29. Så fortalde han dei ei likning:«Sjå på fikentreet og alle andre tre!

30. Når lauvet sprett, då veit de av dykk sjølve at sommaren er nær.

31. Like eins veit de at Guds rike er nær når de ser at dette hender.

32. Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.

33. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

Vak og be

34. Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar bli sløva av rangel og drikk og sorgene i dagleglivet, så den dagen kjem like uventa på dykk

35. som ei snare. For den dagen skal koma over alle som bur på jorda.

36. Vak kvar tid og stund og be om styrke til å koma velberga frå alt det som skal henda, og bli ståande framfor Menneskesonen.»

37. Om dagen var Jesus i tempelet og underviste, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget, og var der om natta.

38. Og tidleg om morgonen flokka folket seg om han på tempelplassen og høyrde på han.