Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Å lækja på sabbaten

1. Ein gong var Jesus beden til å eta hos ein farisear som var medlem av Rådet. Det var sabbat, og dei heldt auge med han.

2. Då stod det framfor han ein mann som leid av vatn i kroppen.

3. Jesus spurde dei lovkunnige og farisearane: «Er det tillate å lækja på sabbaten, eller er det ikkje?»

4. Dei tagde. Då rørte han ved mannen, gjorde han frisk og lét han gå.

5. Så sa han til dei: «Dersom ein av dykk har ein son eller ein okse som dett i brønnen, dreg de han ikkje straks opp, endå om det er sabbat?»

6. Dei kunne ikkje svara på dette.

Den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt

7. Då han la merke til korleis gjestene valde seg ut dei øvste plassane ved bordet, sa han til dei i ei likning:

8. «Når du blir beden i gjestebod, så ta ikkje plass øvst ved bordet. For det kan henda at ein som står høgare enn du, er beden,

9. og at verten som bad dykk begge, kjem og seier til deg: ‘Gjev rom for denne gjesten!’ Då må du ta plass nedst og skjemmast.

10. Nei, når du er beden ein stad, så gå og ta plass nedst ved bordet. Så kan verten seia til deg når han kjem: ‘Flytt deg høgare opp, venen min.’ Då får du ære medan alle gjestene ser på.

11. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.»

12. Han sa òg eit ord til verten: «Når du vil halda gjestebod til middag eller kvelds, så be ikkje vener, sysken, slektningar eller rike naboar. For dei kjem til å be deg att, og dermed får du gjengjeld.

13. Nei, når du vil halda gjestebod, så be fattige, uføre, lamme og blinde.

14. Då blir du lukkeleg, for dei har ikkje noko å gje deg att. Men du skal få løn for dette når dei rettferdige står opp frå dei døde.»

Det store gjestebodet

15. Ein av gjestene som høyrde dette, sa til han: «Sæl er den som får sitja til bords i Guds rike.»

16. Men Jesus sa til han:«Det var ein mann som ville halda eit stort gjestebod og bad mange.

17. Då tida for gjestebodet kom, sende han tenaren sin i veg for å seia til dei bedne: ‘Kom, for no er alt ferdig!’

18. Men dei kom med orsakingar, alle som ein. Den eine sa: ‘Eg har kjøpt eit jordstykke og må ut og sjå på det. Du må gjera vel og orsaka meg.’

19. Ein annan sa: ‘Eg har kjøpt meg fem par oksar, og no skal eg av stad og prøva dei. Du må gjera vel og orsaka meg.’

20. Endå ein annan sa: ‘Eg har gift meg, difor kan eg ikkje koma.’

21. Tenaren kom att og fortalde dette til herren sin. Då vart husherren sint og sa til han: ‘Gå straks ut på gater og torg i byen og hent inn fattige og uføre, blinde og lamme.’

22. Tenaren kom att og sa: ‘Herre, eg har gjort som du sa, men det er enno rom.’

23. Då sa herren til tenaren: ‘Gå ut på vegane og stigane og nøyd folk til å koma inn, så huset mitt blir fullt.

24. For det seier eg dykk: Ingen av dei som var bedne, skal få smaka festmåltidet mitt.’»

Kva det kostar å vera ein læresvein

25. Store skarar følgde med Jesus. Han snudde seg til dei og sa:

26. «Om nokon kjem til meg utan å setja dette høgare enn far og mor, kone og born, brør og systrer, ja, høgare enn sitt eige liv, kan han ikkje vera min læresvein.

27. Den som ikkje ber krossen sin og følgjer etter meg, kan ikkje vera min læresvein.

28. Vil ein av dykk byggja eit tårn, set han seg ikkje då først ned og reknar etter kva det vil kosta, for å sjå om han har råd til å fullføra det?

29. For har han lagt grunnmuren og ikkje maktar å gjera tårnet ferdig, då vil alle som ser det, gjera narr av han

30. og seia: ‘Denne mannen gjekk i gang med å byggja, men han greidde ikkje å fullføra det.’

31. Eller om ein konge vil dra i krig mot ein annan konge, set han seg ikkje då først ned og tenkjer etter om han med sine ti tusen mann er sterk nok til å møta den andre, som kjem mot han med tjue tusen?

32. Og er han ikkje sterk nok, sender han menn av stad og bed om fred medan fienden enno er langt borte.

33. Slik kan ingen av dykk vera min læresvein utan at han seier frå seg alt han eig.

34. Salt er ein god ting. Men mistar saltet òg si kraft, korleis kan ein då gjera det salt att?

35. Det duger verken i jord eller gjødsel, dei kastar det ut.Den som har øyre å høyra med, høyr!»