Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Kolossarane 2:14-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen.

15. Han kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

16. Så lat då ingen dømma dykk når det gjeld mat og drikke, høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar.

17. Dette er berre skuggen av det som skulle koma, men kroppen høyrer Kristus til.

18. Lat ikkje dei som vil driva med sjølvfornekting og engledyrking, røva sigersprisen frå dykk. Dei går heilt opp i sine eigne syn, og utan grunn blæs dei seg opp av tankar som kjem frå deira eige kjøt og blod,

19. og held ikkje fast på han som er hovudet. Ut frå han veks heile kroppen med ein vokster som er av Gud, og blir halden oppe og bunden saman av alle sener og band.

20. Når de med Kristus har døydd bort frå grunnkreftene i verda, korleis kan de då leva slik ein gjer i verda, og følgja bod som

21. «ta ikkje», «smak ikkje», «rør ikkje»?

22. Dette er berre menneskelege bod og lærdomar om ting som er meinte til å brukast og gå til grunne.

Les hele kapitlet Kolossarane 2