Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Judas 1:5-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Her er det noko eg vil minna dykk om, endå de alt kjenner vel til det: Herren berga folket ut av Egypt, men sidan gjorde han ende på dei som ikkje ville tru.

6. Og dei englane som ikkje tok vare på sin høge stand, men drog bort frå sin eigen bustad, dei held han bundne i mørker med evige lenkjer til dommen på den store dagen.

7. På same måten var det med Sodoma og Gomorra og nabobyane, der dei levde i hor liksom desse englane, og i unaturlege lyster. Dei vart straffa med evig eld og ligg der som eit åtvarande eksempel.

8. Likevel gjer desse menneska det same. Drivne av sine syn skitnar dei til kroppen sin, forkastar Guds herredøme og spottar høge makter.

9. Men då erkeengelen Mikael låg i strid med djevelen om kroppen til Moses, våga han ikkje spotta djevelen og dømma han, men sa: Må Herren refsa deg!

10. Men desse menneska spottar det dei ikkje kjenner, og det dei, som dyr utan fornuft, skjønar ut frå naturen, det tener til å øydeleggja dei.

11. Ve dei! Dei har slege inn på Kains veg; dei har kasta seg ut i Bileams villfaring for vinning skuld. Dei har gjort opprør som Korah og gått til grunne.

12. Dei er skamflekker ved kjærleiksmåltida dykkar, der dei utan otte eller skam et saman med dykk. Dei er gjetarar som berre passar seg sjølve, skyer som driv med vinden utan å gje regn. Dei er tre som ikkje ber frukt om hausten, dobbelt døde, ja, rivne opp med rot.

13. Dei er ville havbølgjer, skummande opp si eiga skam, villfarne stjerner som det evige nattemørkret ventar på.

14. Det var om desse Henok, Adams etterkomar i sjuande leden, spådde då han sa: «Sjå, Herren kjem med sine heilage i tusental.

15. Han vil halda dom over alle og straffa alle menneske for deira ugudelege gjerningar og for alle harde ord dei har tala mot han, desse gudlause syndarane.»

16. Dette er folk som murrar og klagar over lagnaden sin, men lever etter lystene sine. Munnane talar store ord og smigrar folk når dei har nytte av det.

17. Men de, mine kjære, kom i hug dei orda som vår Herre Jesu Kristi apostlar har føresagt.

18. Dei sa til dykk: «I dei siste tider skal det koma spottarar som følgjer sine eigne ugudelege lyster.»

19. Dette er dei som skaper splid mellom dykk; dei er reint menneskelege og manglar Anden.

20. Men de, mine kjære, må byggja dykk sjølve opp ved dykkar høge og heilage tru og alltid be i Den heilage ande.

21. Pass på å bli verande i Guds kjærleik medan de ventar på at vår Herre Jesu Kristi miskunn skal føra dykk til evig liv.

22. Miskunna dykk over dei som tvilar,

23. andre skal de riva ut or elden og berga. Atter andre skal de ta dykk av, men ver varsame: Sky til og med kappa som er skitna til av lystene i kroppen.

Les hele kapitlet Judas 1