Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Judas 1:2-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Miskunn, fred og kjærleik vere med dykk i rikt mål!

3. Mine kjære! Eg har hatt eit inderleg ønske om å skriva til dykk om den frelsa som vi har saman. Men no ser eg meg nøydd til å senda dykk nokre formanande ord om å strida for den trua som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage.

4. For det har snike seg inn visse folk mellom dykk, ugudelege menneske som for lenge sidan var oppskrivne til å bli dømde. Dei misbruker vår Guds nåde til eit liv i utskeiingar, og dei fornektar vår einaste herskar og Herre, Jesus Kristus.

5. Her er det noko eg vil minna dykk om, endå de alt kjenner vel til det: Herren berga folket ut av Egypt, men sidan gjorde han ende på dei som ikkje ville tru.

6. Og dei englane som ikkje tok vare på sin høge stand, men drog bort frå sin eigen bustad, dei held han bundne i mørker med evige lenkjer til dommen på den store dagen.

7. På same måten var det med Sodoma og Gomorra og nabobyane, der dei levde i hor liksom desse englane, og i unaturlege lyster. Dei vart straffa med evig eld og ligg der som eit åtvarande eksempel.

8. Likevel gjer desse menneska det same. Drivne av sine syn skitnar dei til kroppen sin, forkastar Guds herredøme og spottar høge makter.

9. Men då erkeengelen Mikael låg i strid med djevelen om kroppen til Moses, våga han ikkje spotta djevelen og dømma han, men sa: Må Herren refsa deg!

10. Men desse menneska spottar det dei ikkje kjenner, og det dei, som dyr utan fornuft, skjønar ut frå naturen, det tener til å øydeleggja dei.

11. Ve dei! Dei har slege inn på Kains veg; dei har kasta seg ut i Bileams villfaring for vinning skuld. Dei har gjort opprør som Korah og gått til grunne.

12. Dei er skamflekker ved kjærleiksmåltida dykkar, der dei utan otte eller skam et saman med dykk. Dei er gjetarar som berre passar seg sjølve, skyer som driv med vinden utan å gje regn. Dei er tre som ikkje ber frukt om hausten, dobbelt døde, ja, rivne opp med rot.

13. Dei er ville havbølgjer, skummande opp si eiga skam, villfarne stjerner som det evige nattemørkret ventar på.

Les hele kapitlet Judas 1