Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 5:35-47 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

35. Johannes var ei lampe som brann og lyste, og ei lita stund ville de gleda dykk i lyset hans.

36. Men eg har ei vitneutsegn som er sterkare enn den Johannes gav: dei gjerningane Far har gjeve meg å fullføra. Og det er desse gjerningane eg gjer, som vitnar om at Far har sendt meg.

37. Ja, Far som har sendt meg, har sjølv vitna om meg. Hans røyst har de aldri høyrt, hans skapnad har de aldri sett,

38. og hans ord lèt de ikkje bli verande i dykk. For de trur ikkje på den han har sendt.

39. De granskar skriftene, for de meiner at de har evig liv i dei – men det er dei som vitnar om meg!

40. Likevel vil de ikkje koma til meg så de kan ha liv.

41. Eg tek ikkje imot ære av menneske.

42. Tvert imot, for eg kjenner dykk og veit at de ikkje har Guds kjærleik i dykk.

43. Eg er komen i namnet åt Far min, og de tek ikkje imot meg. Kjem det ein annan i sitt eige namn, tek de imot han.

44. Korleis kan de tru, de som vil ha ære av kvarandre og ikkje søkjer ære hos den einaste Gud?

45. Tru ikkje at eg vil klaga dykk for Far. Den som klagar dykk, er Moses, han som de har sett dykkar håp til.

46. For hadde de trudd Moses, hadde de òg trudd meg, for det er om meg han har skrive.

47. Men når de ikkje trur skriftene hans, korleis kan de då tru orda mine?»

Les hele kapitlet Johannes 5