Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 4:32-50 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Han svara: «Eg har ein mat å eta som de ikkje veit om.»

33. Då sa læresveinane seg imellom: «Kan nokon ha bore mat til han?»

34. Men Jesus sa til dei: «Min mat er å gjera det han vil, han som sende meg, og fullføra hans verk.

35. Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft auga og sjå åkrane, korleis dei kvitnar mot hausten!

36. Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman.

37. Her gjeld ordet om at ‘éin sår og ein annan haustar’.

38. Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidd med. Andre har arbeidd, og de har gått inn i arbeidet dei har gjort.»

39. Mange av samaritanane frå den byen tok til å tru på Jesus på grunn av det kvinna sa då ho vitna: «Han har sagt meg alt det eg har gjort.»

40. Og då samaritanane kom ut til han, bad dei han vera hos seg, og han vart verande der to dagar.

41. Og mange fleire tok til å tru fordi dei fekk høyra hans eige ord,

42. og dei sa til kvinna: «No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa, for vi har høyrt han sjølve. Og vi veit at han verkeleg er den som skal frelsa verda.»

43. Då dei to dagane var gått, drog Jesus ut derifrå og fór til Galilea.

44. For han hadde sjølv vitna om at ein profet ikkje blir æra på sin eigen heimstad.

45. Då han kom til Galilea, tok folket der vel imot han, for dei hadde sett alt det han gjorde i Jerusalem i høgtida. Også dei hadde vore der i høgtida.

46. Så kom Jesus igjen til Kana i Galilea, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongeleg embetsmann, og son hans var sjuk.

47. Då han fekk høyra at Jesus var komen frå Judea til Galilea, gjekk han til Jesus og bad han koma ned og gjera son hans frisk, for det stod om livet.

48. Jesus svara: «Ser de ikkje teikn og under, så trur de ikkje.»

49. Mannen seier til han: «Kom, Herre, før guten min døyr!»

50. Jesus seier til han: «Gå heim, son din lever!» Og mannen trudde det ordet Jesus sa til han, og gjekk.

Les hele kapitlet Johannes 4