Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 17:18-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda.

19. Eg helgar meg for dei, så dei òg skal helgast i sanninga.

20. Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg.

21. Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg.

22. Den herlegdomen som du har gjeve meg, har eg gjeve dei, så dei skal vera eitt slik som vi er eitt:

23. eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei slik du har elska meg.

24. Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hos meg der eg er, så dei får sjå min herlegdom, den du har gjeve meg fordi du elska meg før verda vart grunnlagd.

25. Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg.

26. Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei og eg sjølv kan vera i dei.»

Les hele kapitlet Johannes 17