Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 10:2-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Men den som går inn gjennom porten, er gjetaren til sauene.

3. Portvaktaren lèt opp for han, og sauene høyrer røysta hans. Han kallar sine eigne sauer med namn og leier dei ut.

4. Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene følgjer han, for dei kjenner røysta hans.

5. Men ein framand vil dei ikkje følgja. Dei rømmer frå han, for dei kjenner ikkje røysta til den framande.»

6. Denne likninga fortalde Jesus dei, men dei skjøna ikkje kva han meinte.

7. Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Eg er porten inn til sauene.

8. Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar, men sauene høyrde ikkje på dei.

9. Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite.

10. Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

11. Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene.

12. Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre.

13. For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene.

14. Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg,

15. slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene.

16. Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar.

17. Far elskar meg fordi eg set livet til så eg kan ta det tilbake.

18. Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»

19. No vart det på nytt usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt.

Les hele kapitlet Johannes 10