Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 1:34-51 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

34. Og eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.»

35. Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine.

36. Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!»

37. Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus.

38. Jesus snudde seg, og då han såg at dei følgde etter, sa han: «Kva leitar de etter?» Dei spurde: «Rabbi», – det tyder «lærar» – «kvar bur du?»

39. «Kom og sjå», svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hos han den dagen. Det var omkring den tiande timen.

40. Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og hadde følgt etter Jesus.

41. Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har møtt Messias» – Messias tyder «Han som er salva».

42. Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg fast på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas» – det er det same som Peter.

43. Dagen etter ville Jesus dra til Galilea. Han fann då Filip og sa til han: «Følg meg!»

44. Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var frå.

45. Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har møtt han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef.»

46. «Kan det koma noko godt frå Nasaret?» spurde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip.

47. Jesus såg Natanael koma gåande mot seg og sa: «Sjå, der er ein ekte israelitt, ein som er utan svik.»

48. «Kvar kjenner du meg frå?» spurde Natanael. Jesus svara: «Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg.»

49. Då sa Natanael: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge.»

50. «Trur du fordi eg sa at eg såg deg under fikentreet?» spurde Jesus. «Du skal få sjå større ting enn det.»

51. Og han sa: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal sjå himmelen opna og Guds englar gå opp og gå ned over Menneskesonen.»

Les hele kapitlet Johannes 1