Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 1:29-43 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda!

30. Det var om han eg sa: Etter meg kjem det ein mann som er komen før meg, for han var til før meg.

31. Eg visste ikkje kven han var, men for at han skal bli openberra for Israel, er eg komen og døyper med vatn.»

32. Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden dala ned frå himmelen som ei due, og Anden vart verande over han.

33. Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dala ned over og bli verande over, han er den som døyper med Den heilage ande.

34. Og eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.»

35. Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine.

36. Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!»

37. Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus.

38. Jesus snudde seg, og då han såg at dei følgde etter, sa han: «Kva leitar de etter?» Dei spurde: «Rabbi», – det tyder «lærar» – «kvar bur du?»

39. «Kom og sjå», svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hos han den dagen. Det var omkring den tiande timen.

40. Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og hadde følgt etter Jesus.

41. Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har møtt Messias» – Messias tyder «Han som er salva».

42. Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg fast på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas» – det er det same som Peter.

43. Dagen etter ville Jesus dra til Galilea. Han fann då Filip og sa til han: «Følg meg!»

Les hele kapitlet Johannes 1