Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Boka med sju segl

1. Og eg såg at han som sat på trona, hadde ein bokrull i høgre handa. Det var skrive på rullen, både inni og utanpå, og han var forsegla med sju segl.

2. Då såg eg ein mektig engel som ropa med høg røyst: «Kven er verdig til å opna boka og bryta segla?»

3. Men korkje i himmelen eller på jorda eller under jorda var det nokon som kunne opna boka eller sjå i henne.

4. Då gret eg sårt, fordi ingen vart funnen verdig til å opna boka eller sjå i henne.

5. Men ein av dei eldste sa til meg: «Gråt ikkje! For løva av Juda-stammen, Davids rotskot, har sigra og kan opna boka med dei sju segla.»

6. Og eg såg eit lam som stod midt på trona, mellom dei fire skapningane og i krinsen av dei eldste, og det såg ut som lammet var slakta. Det hadde sju horn og sju auge, og auga er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.

7. Lammet kom og tok imot bokrullen frå høgre handa til han som sat på trona.

8. Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene til dei heilage.

9. Og dei song ein ny song:Verdig er du til å ta imot bokaog bryta segla på henne.For du vart slakta,og med ditt blod har du frikjøpt for Gudmenneske av alle stammar og tungemål,av alle folk og folkeslag.

10. Du har gjort dei til eit kongerike,til prestar for vår Gud,og dei skal herska som kongar på jorda.

11. Og eg såg, og eg høyrde røysta av dei mange englane som stod omkring trona, og dei fire skapningane og dei eldste – det var ein uendeleg flokk, i titusental.

12. Dei ropa med høg røyst:Verdig er Lammet som vart slakta,verdig til å få all maktog rikdom, visdom og styrke,ære og pris og takk.

13. Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som finst der, høyrde eg seia:Han som sit på trona,han og Lammet vere takk og ære,pris og makt i all æve.

14. Dei fire skapningane svara: «Amen.» Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.